søndag 13. juli 2014

DAG 23

Ikkje uventa vart det tysk VM-gull. Litt meir uventa var det at det vart ein slik helleviansk dominans på den endelege resultatlista. Honnør òg til ein yngre Helleve - Johannes tippa før VM at Tyskland ville slå Argentina i finala.

53 poeng: Torstein (som ikkje vil vera anonym meir likevel)
52 poeng: Eirik
49 poeng: Arnfinn og Kjartan
48 poeng: Erling
47 poeng: Erlend/Max og Johannes
43 poeng: Matias
41 poeng: Jens Johan/Sebastian
40 poeng: Odd Martin og Ole Martin
39 poeng: Alfred
38 poeng: Hallgeir
36 poeng: Ivar og Torunn
35 poeng: Ein som absolutt vil vera anonym
32 poeng: Aslak
29 poeng: Jostein og Ragnar
28 poeng: Morten

DAG 22

Éin kamp står att, og dette er stoda:

Kjartan har 49 poeng. Han tippa feil vinnar, feil finalist og feil toppskårar, og kan difor berre få tre poeng til, med rett resultat i kveld. Han kan altså få maksimalt 52 poeng.

Arnfinn har 48 poeng. Han tippa feil vinnar, feil finalist og feil toppskårar, og kan difor berre få tre poeng til, med rett resultat i kveld. Han kan altså få maksimalt 51 poeng.

Erling har òg 48 poeng. Han har tippa Argentina som vinnar og Messi som toppskårar, og kan altså få atten poeng med rett resultat i kveld. Han kan få maksimalt 66 poeng.

Ein til som vil vera anonym har òg 48 poeng. Han har tippa Argentina som finalist, og kan få åtte poeng i kveld. Han kan få maksimalt 56 poeng.

Anten Erling eller ein til som vil vera anonym får altså poeng for Argentina i kveld. Vinn Argentina får Erling minst 58 poeng; tapar dei får ein til som vil vera anonym minst 53 poeng. Mykje tyder altså på at ein av dei to vinn tippinga. To andre kan rett nok få meir enn 53 poeng - Jens Johan/Sebastian har Argentina som vinnar og Messi som toppskårar, men viss han/dei får femten poeng for desse tipsa, får òg Erling poeng for dei tipsa, slik at JJ/Sebastian ikkje kan gå forbi han. Eirik har derimot ein liten sjanse - han har Tyskland som vinnar, og viss dei i tillegg vinn 3-1 i kveld, får han 55 poeng, og suser heilt til topps.

Viss det ikkje dukkar opp regelendringar sånn heilt på tampen er det altså tre moglege vinnarar - Erling, ein til som vil vera anonym, og Eirik. Vinn Argentina VM vinn Erling, tapar Argentina med eit anna resultat enn 1-3 vinn ein til som vil vera anonym. Han må altså reknast som favoritt.

49 poeng: Kjartan
48 poeng: Arnfinn, Erling og ein til som vil vera anonym
43 poeng: Matias
42 poeng: Eirik
41 poeng: Jens Johan/Sebastian
40 poeng: Ole Martin
39 poeng: Alfred
37 poeng: Erlend/Max
36 poeng: Ivar og Torunn
35 poeng: Ein som vil vera anonym
34 poeng: Odd Martin
33 poeng: Hallgeir
32 poeng: Aslak
31 poeng: Johannes
29 poeng: Jostein
28 poeng: Morten
19 poeng: Ragnar

torsdag 10. juli 2014

DAG 21

Dei to semifinalene gjekk ikkje heilt som venta. At Tyskland skulle slå Brasil var ikkje noko bombe, eit lag som har råd til å ha Podolski på benken er jo eit sterkt lag. Det var likevel eit resultat som var vanskeleg å tippa - hadde det ikkje vore for at Brasil heldt lovnaden om å gje 110 % for Neymar kunne det vorte retteleg stygge siffer. Kjartan var den einaste som nytta seg av sjansen til å endra tipset før pause, og endra det til 5-5, med fem mål av Neymar.

Kjartan har likevel teke ei knapp leiing før dei to siste kampane. Erling og han andre som ville vera anonym må likevel reknast som favorittar - viss Argentina vinn VM luktar det Erling lang veg, viss Argentina tapar finala ligg han andre anonyme bra an. Foreldra til Kjartan må vera rimeleg stolte akkurat no, forresten, med fire søner på dei fem fremste plassane.

Viss absolutt alt går Erling sin veg får han 69 poeng. Den einaste andre som kan koma over 60 poeng er merkeleg nok Eirik. Elles merkar me oss at Ragnar er i gang igjen, at Hallgeir har stoppa opp, og at Jens Johan/Sebastian går for halv maskin.

Og honnør til Johannes, som er den einaste som tippa Tyskland-Argentina i finala.

49 poeng: Kjartan
48 poeng: Arnfinn, Erling og ein til som vil vera anonym
42 poeng: Eirik og Matias
41 poeng: Jens Johan/Sebastian
40 poeng: Ole Martin
38 poeng: Alfred
36 poeng: Erlend/Max, Ivar og Torunn
35 poeng: Ein som vil vera anonym
34 poeng: Odd Martin
33 poeng: Hallgeir
32 poeng: Aslak
30 poeng: Johannes
29 poeng: Jostein
28 poeng: Morten
19 poeng: Ragnar

søndag 6. juli 2014

DAG 20

Dei to som toppa før kvartfinalene greidde ikkje å skrapa saman eitt einaste poeng på dei fire kampane. Det vil seia at det framleis er rimeleg ope, fire tipparar ligg tett saman. Dei fire på dei neste plassane kan vel heller ikkje heilt avskrivast. Det kan derimot Ragnar, som har lagt seg på ein litt uventa taktikk og ikkje levert tips etter grunnspelet, og truleg ein heil haug til.

48 poeng: Arnfinn og Erling
47 poeng: Ein til som vil vera anonym
46 poeng: Kjartan
41 poeng: Eirik, Jens Johan/Sebastian og Matias
40 poeng: Ole Martin
37 poeng: Alfred
36 poeng: Torunn
35 poeng: Erlend/Max og Ivar
34 poeng: Odd Martin og ein som vil vera anonym
33 poeng: Hallgeir
32 poeng: Aslak
29 poeng: Johannes
28 poeng: Jostein
27 poeng: Morten
17 poeng: Ragnar

lørdag 5. juli 2014

DAG 19

Ting ein ikkje trur før ein ser det: Tyskland spelar kvartfinale i VM, og berre éin av nitten (aktive) tipparar trur at dei vinn. At Brasil vann si kvartfinale var ikkje like overraskande, det hadde sju av oss tippa. Imponerande nok hadde seks av desse sju tippa rett resultat.

Ingen av dei seks som låg øvst før kvartfinalene fekk poeng i dag. Om det ikkje akkurat jamna seg ut heilt i teten, klumpa det seg i alle fall til i kampen om femteplassen.

48 poeng: Arnfinn
46 poeng: Kjartan
45 poeng: Erling
44 poeng: Ein til som vil vera anonym
40 poeng: Eirik, Jens Johan/Sebastian, Matias og Ole Martin
37 poeng: Alfred
35 poeng: Torunn
34 poeng: Erlend/Max, Ivar og ein som vil vera anonym
32 poeng: Aslak
31 poeng: Hallgeir og Odd Martin
29 poeng: Johannes
28 poeng: Jostein
27 poeng: Morten
17 poeng: Ragnar

fredag 4. juli 2014

DAG 18

Jo mindre som vert sagt om vikar-eksperimentet, jo betre. Her er i alle fall oppdatert resultatliste før kvartfinalene. Erling fekk litt lite poeng ved sist oppdatering, sidan han, i ein cornerflagginspirert augneblink, like godt endra kamprekkjefølgja til ei han likte betre. Om lag slik vikaren sette kampane opp i ei heller vilkårleg rekkjefølgje. Eg reknar difor med at det aular av feil i lista under, og eg er dessutan usikker på korleis eg skal gje poeng for Nederland-Hellas.

48 poeng: Arnfinn
46 poeng: Kjartan
45 poeng: Erling
44 poeng: Ein til som vil vera anonym
40 poeng: Jens Johan/Sebastian og Matias
37 poeng: Alfred og Ole Martin
36 poeng: Eirik
35 poeng: Torunn
34 poeng: Erlend/Max
31 poeng: Aslak, Ivar, Odd Martin og ein som vil vera anonym
29 poeng: Hallgeir og Johannes
28 poeng: Jostein
24 poeng: Morten
17 poeng: Ragnar

tirsdag 1. juli 2014

DAG 17

Ein skal stå opp tidleg om morgonen for å halda følgje med dei tre i teten. Det merkelegaste er at bror deira står opp mykje tidlegare enn dei, men likevel ligg han langt nede på lista. Både Kjartan og Torstein har tippa tre rette åttandedelsresultat så langt, men Arnfinn, den einaste i slekta med doktorgrad, har tippa fire. Torstein er den einaste som har hovert over dette, og han får difor oppgåva med å senda ut påminning om kvartfinaletippinga, sidan eg er ute og syklar. Viss det skulle visa seg at han ikkje greier ei slik oppgåve, er det fritt fram for å ta ansvar sjølv, og senda tips til meg. Kampoppsettet for kvartfinalene ligg sikkert på Internett ein stad.

47 poeng: Arnfinn
46 poeng: Kjartan
42 poeng: Ein til som vil vera anonym
40 poeng: Matias
39 poeng: Erling
38 poeng: Jens Johan/Sebastian
36 poeng: Alfred og Ole Martin
34 poeng: Eirik og Torunn
33 poeng: Erlend/Max
30 poeng: Aslak, Ivar og ein som vil vera anonym
29 poeng: Johannes og Odd Martin
28 poeng: Jostein
27 poeng: Hallgeir
22 poeng: Morten
17 poeng: Ragnar