torsdag 10. juli 2014

DAG 21

Dei to semifinalene gjekk ikkje heilt som venta. At Tyskland skulle slå Brasil var ikkje noko bombe, eit lag som har råd til å ha Podolski på benken er jo eit sterkt lag. Det var likevel eit resultat som var vanskeleg å tippa - hadde det ikkje vore for at Brasil heldt lovnaden om å gje 110 % for Neymar kunne det vorte retteleg stygge siffer. Kjartan var den einaste som nytta seg av sjansen til å endra tipset før pause, og endra det til 5-5, med fem mål av Neymar.

Kjartan har likevel teke ei knapp leiing før dei to siste kampane. Erling og han andre som ville vera anonym må likevel reknast som favorittar - viss Argentina vinn VM luktar det Erling lang veg, viss Argentina tapar finala ligg han andre anonyme bra an. Foreldra til Kjartan må vera rimeleg stolte akkurat no, forresten, med fire søner på dei fem fremste plassane.

Viss absolutt alt går Erling sin veg får han 69 poeng. Den einaste andre som kan koma over 60 poeng er merkeleg nok Eirik. Elles merkar me oss at Ragnar er i gang igjen, at Hallgeir har stoppa opp, og at Jens Johan/Sebastian går for halv maskin.

Og honnør til Johannes, som er den einaste som tippa Tyskland-Argentina i finala.

49 poeng: Kjartan
48 poeng: Arnfinn, Erling og ein til som vil vera anonym
42 poeng: Eirik og Matias
41 poeng: Jens Johan/Sebastian
40 poeng: Ole Martin
38 poeng: Alfred
36 poeng: Erlend/Max, Ivar og Torunn
35 poeng: Ein som vil vera anonym
34 poeng: Odd Martin
33 poeng: Hallgeir
32 poeng: Aslak
30 poeng: Johannes
29 poeng: Jostein
28 poeng: Morten
19 poeng: Ragnar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar