søndag 22. juni 2014

DAG 10

Litt seint i dag, men slik er det av og til. Meir av enn til, rett nok, men likevel. To av kampane i går gjekk slik omtrent alle tenkte. Kampen i midten gjekk slik omtrent ingen tenkte, bortsett frå Torunn, som ikkje berre hadde tippa uavgjort, men som like godt hadde tippa 2-2. Ho vart visst så glad at ho ikkje fekk sova, og søvnbehovet viste seg heller ikkje seinare på natta - det viste seg at ho hadde rett resultat også i den siste kampen. Ho fekk sju poeng på dei tre kampane i går, det er litt over snittet for fleire av oss.

26 poeng: Erling
25 poeng: Matias
21 poeng: Torunn
19 poeng: Alfred, Eirik og ein til som vil vera anonym
18 poeng: Arnfinn, Ivar og Jens Johan/Sebastian
17 poeng: Ole Martin
16 poeng: Kjartan, Odd Martin og ein som vil vera anonym
15 poeng: Erlend/Max
14 poeng: Johannes
12 poeng: Hallgeir
11 poeng: Jostein og Ragnar
9 poeng: Aslak og Morten

I Fjærland gjekk boksalet litt treigare enn eg vona. Eg selde rett nok tre Ragnar Hovland-bøker til ein av dei største Hovland-kjennarane i landet, og eg selde nokre bøker til dei andre bokseljarane, men elles var det mest vandel og lite handel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar