torsdag 19. juni 2014

DAG 7

Vel, vel, vel. Sju tipparar tippa at Spania skulle koma til finala. Eg foreslår at dei reiser seg i morgon, presis klokka tolv, og ropar "Eg kan fotball!" så høgt dei kan. Ivar, derimot, var den einaste som tippa at Chile skulle slå Spania. Eg foreslår at han reiser seg på SFO i morgon, presis når begge visarane peikar rett opp, og ropar "Eg hadde aldri høyrt om Chile før VM-tippinga!" så høgt han kan. Ivar var, imponerande nok, også den einaste som hadde 3-2 i kampen mellom Nederland og Australia. *)

Dei av oss som er opptekne av korleis lag førebur seg til kampar veit jo godt at ein ikkje skal kimsa av Chile. Me hugsar vel alle VM i 1962. Chile gjekk gastronomisk til verks; før kvar kamp stappa dei i seg mat (eller drikke) frå motstandarlandet. Det gjekk bra ei stund. Før opningskampen mot Sveits åt dei ost, og vann 3-1. Dei åt spaghetti før kampen mot Italia, og vann 2-0. Før kvartfinala mot Sovjetunionen styrta dei litt vodka, og vann 2-1. Taktikken svikta diverre mot Brasil i semifinala, trass i at dei drakk store mengder kaffi før kampen.

18 poeng: Erling
15 poeng: Jens Johan/Sebastian og Matias
14 poeng: Eirik og ein til som vil vera anonym
13 poeng: Alfred, Ivar og Ole Martin
12 poeng: Arnfinn og Torunn
10 poeng: Erlend/Max, Hallgeir, Odd Martin og ein som vil vera anonym
9 poeng: Aslak, Johannes og Kjartan
7 poeng: Jostein og Morten
6 poeng: Ragnar

*) Han hadde rett nok tippa 3-2 til Australia, men likevel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar