lørdag 21. juni 2014

DAG 9

Italia-Costa Rica - det var kampen sin, det. Fyrste kampen så langt i VM der ingen fekk poeng. For the record - kampen med flest utdelte poeng så langt var Frankrike-Honduras, der det var delt ut 24 poeng. Av tabellen ser me at det framleis er svært jamnt, bortsett frå dei to luringane som ligg øvst. Matias har 24 poeng på 26 kampar; det må under tvil reknast som imponerande.

I morgon kjem poengoppdateringa langt seinare enn vanleg; eg har ei høne å plukka med nokre brukte bøker i Fjærland i kveld.

24 poeng: Matias
22 poeng: Erling
18 poeng: Ein til som vil vera anonym
17 poeng: Alfred og Eirik
16 poeng: Arnfinn, Ivar, Jens Johan/Sebastian og Ole Martin
14 poeng: Odd Martin og Torunn
13 poeng: Ein som vil vera anonym
12 poeng: Kjartan
11 poeng: Erlend/Max og Hallgeir
10 poeng: Johannes, Jostein, Ragnar
9 poeng: Aslak
8 poeng: Morten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar