fredag 27. juni 2014

DAG 15


Grunnspelet er over, og stillinga er omtrent som venta. Nokre har mange poeng, nokre har færre poeng, og nokre ligg sånn midt på treet. Dagen i dag er ein sjeldan fotballfri dag, som kan brukast til minst to ting: Alle har fått ein e-post med oppsettet for åttandedelsfinalene, og fristen for å senda inn tips er avspark i den fyrste av dei, laurdag klokka seks. Den andre tingen ein kan gjera på denne fotballfrie dagen er å fundera litt på kven av dei fire på illustrasjonen over som skal ut.

Det har òg kome inn endå eit framlegg til regelendring: Ei gruppe på ti tipparar foreslår at det berre er dei ti med mest poeng etter grunnspelet som får levera tips i sluttspelet. Brått var ikkje framlegget til Matias det dummaste eg nokon gong har høyrt lenger.

37 poeng: Erling
36 poeng: Matias
35 poeng: Kjartan
34 poeng: Arnfinn og Jens Johan/Sebastian
33 poeng: Alfred
31 poeng: Ein til som vil vera anonym
30 poeng: Eirik
28 poeng: Ole Martin
27 poeng: Erlend/Max, Ivar og Torunn
26 poeng: Aslak
25 poeng: Ein som vil vera anonym
23 poeng: Johannes og Odd Martin
19 poeng: Hallgeir, Jostein og Morten
17 poeng: Ragnar

7 kommentarer:

  1. Me har eit alternativt forslag:

    Berre dei av oss som har tippa så dårlege i gruppespelet at me har berre har 30 poeng (eller færre) får lov til å tippa på resultata i åttandedelsfinalane. Slik at me og kan ha ein sjanse til å vinna

    SvarSlett
  2. Eg tek avstand frå at ti-femten personar no har røpa namnet på han som vil vera anonym.

    SvarSlett
  3. Ein som er anonym av og til27. juni 2014 kl. 14:06

    Er det fleire enn dei ti som har mest poeng som gidd å levera tips til sluttspelet uansett?

    SvarSlett
  4. Scheie skal ut. Han er den einaste som heilt sikkert ikkje kjem til VM fleire gonger.

    SvarSlett
  5. Ein som fekk sju poeng i siste runde.27. juni 2014 kl. 17:35

    Alle skal med. Med litt flaks kan ragnar vinne heile skiten. Litt.

    SvarSlett
  6. Si, senorita. Eller "ach, du lieber Himmel", som det heiter på tysk.

    SvarSlett