torsdag 26. juni 2014

DAG 14

No har eg retta opp det som kunne vorte ein skandale av dimensjonar. I føremiddag fekk eg ein klage frå Kjartan, som meinte at eg var litt knipen med poenga i går. Det stemde, og det viste seg at også Jens Johan/Sebastian hadde fått eit poeng for lite. Heldigvis vart det oppdaga. Det kunne jo gått heilt gale, der dei prøver å festa grepet om femteplassen. Aslak, på si side, anar ikkje kva plass han kjempar om, men han har kome i siget, og har seks rette tips på rad.

Så langt har det kome inn eit framlegg til regelendring. Matias, som har tippa Suarez som toppskårar, gjer framlegg om at alle etter sluttspelet får tippa ein ny toppskårar. Det kan vera det dummaste eg nokon gong har høyrt.

Etter dei siste grunnspelkampane kjem det ein e-post med kort frist, der de vert inviterte til å levera tips for åttandedelsfinalene. Det er valfritt å senda inn tips, men sjansen for å gjera det bra er størst for dei som leverer.

35 poeng: Erling
34 poeng: Matias
32 poeng: Alfred
30 poeng: Arnfinn
29 poeng: Jens Johan/Sebastian og Kjartan
28 poeng: Eirik
27 poeng: Torunn og ein til som vil vera anonym
23 poeng: Aslak, Erlend/Max og Ole Martin
22 poeng: Ivar og ein som vil vera anonym
21 poeng: Odd Martin
18 poeng: Hallgeir og Johannes
16 poeng: Morten
15 poeng: Jostein og Ragnar

1 kommentar:

  1. Me har eit anna forslag:

    Berre dei 10 beste etter gruppespelkampane får levere tips på resultata vidare i meisterskapet.

    SvarSlett